Det har vore ein lang og utfordrande koronaperiode for oss alle. Vi kan så smått byrja å håpe på ein meir normal haust, og vi kan få henta tilbake alt det tapte på studentfronten. Kva er vel ikkje betre enn å skaffe seg eit verv eller to, for å gjere studenttida tre hakk kjekkare? Er du litt i tvil, så skal du få ti gode grunnar for kvifor studenttida blir meir givande med å engasjere seg!  

  1. Du kan vere med å forbetre UiA og studiekvardagen til 13 000 studentar. Når noko ikkje er godt nok, er du stemma inn for å skape forbetring
  2. Du får eit stort og viktig nettverk på tvers av fagretningar
  3. Du får ei god erfaring som kjem godt med når du skal ut i arbeidslivet
  4. Du utfordrer deg sjølv, og blir betre på å ta ordet
  5. Du får ei betre forståing om korleis organisasjonar er organisert, ei erfaring som er gull verdt ute i arbeidslivet!
  6. Du blir betre på å diskutere og sjå dei ulike koblingane. Å vere god til å diskuter kjem godt med i kvar ei setting, enten det er med svigers eller over ei pils på puben
  7. Du får møte inspirerande menneske som er like engasjert som deg sjølv! Kanskje du kan lære noko av desse?
  8. Du kan bruke det du lærer på studiet inn i vervet – og sjå nytteverdien av akkurat den kunnskapen som du sit på
  9. CVen får eit ekstra løft
  10. Det viktigaste punktet av dei alle: Du vekse på deg sjølv som menneske. Du blir litt glupare og litt meir reflektert. Du blir flinkare til å sjå fleire perspektiv og du får ei ekstra livserfaring som du kan utvikle deg eit ekstra nivå som menneske.  

Treng du tjue grunnar til? Kontakt med STA då vel!

Les mer om Studentvalget 2021 her

Kategorier: Nyheter

nb_NONorsk bokmål