Er du ein av dei som vurderer utveksling, men av miljøhensyn kvir deg for å fly? Eller kanskje du vil ha moglegheita til å velje eit grønare alternativ?  

Då kjem ein gladleg nyheit!! STA har sørga for at UiA no skal prøve ut ei ordning med grønt reisestipend til dei studentane som vel ein miljøvennleg måte å reise på. Alle studentar som enten skal på utveksling, feltarbeid eller praksis kan søke!  

Stipendet funkar som følge:  

Du legg fram ein reiseplan for di planlagte grøne reise, enten det er med buss, tog eller kanskje du vil ta sykkelen fatt. Søknaden blir deretter godkjent/ikkje godkjent hos internasjonalt kontor, og stipendet innvilga. Beløpet blir utbetalt etter at du er kome heim frå opphaldet, og deretter kan vise til gyldig kvittering. Meir informasjon kjem på UiA sine sider når stipendet er annonsert! Det blir også delt på STA sine sider, så følg med. Klimaavtrykket på kloden må ned, og det har aldri vore viktigare å finne grøne løysningar. Dette er eit prosjekt vi studentar har initiert, vi går fram som gode eksempel, og vi håpar at flest mogeleg studentar vil søke på dette viktige stipendet!  

Er du ein av dei som smilte litt ekstra når du leste dette? Då er du ein aktuell kandidat for å stille til våre spennande verv som kan vere med å jobbe for eit grønnare UiA! Slike viktige ordningar er resultat av engasjerte studentar – du kan vere med på kommande prosjekt! Still til val då vel! 

Hald også eit ekstra auge med campus Kristiansand sine miljøstasjonar desse dagarEg lurer på om det kjem ein litt sein aprilsspøk som vil legge fokuset på kjeldesortering. Lurer på kva stunt nokre glade miljøstudentar har funne på denne gongen! 

Vil du gjøre en grønn forskjell? Sjekk ut dine muligheter i Studentvalget 2021  

Kategorier: Nyheter

nb_NONorsk bokmål