// Tekst: Irene Bredal, Organisasjonskonsulent i STA


Irene bredal - STABilde av Irene Bredal. Fotograf: STA v/Emilie Hesselberg

«Still til val» «Engasjer deg» «Bry deg» «Om du ikkje seie frå, skjer det ingenting!»

Kvar gong du går inn på facebook, UiAs eller STAs nettsida og/eller sosial media, flaume orda mot deg. No driv STA og mase om val att tenke du kanskje, riste litt på hovudet og lukke att sida, teksten eller videoen. For gladnøgde studentar i rein Petter Stordalen entusiasmestil orke i alle fall ikkje du.

For er det eigentleg noko vits å stilla til val? Det kan vel verkeleg ikkje ha noko å sei for studentkvardagen, studentlivet eller noko som helst? Studentrepresentasjon? Er det så nøye då?

La dei vaksne tilsette bestemma

Det er nok best å la dei vaksne tilsette ta seg av alle viktige sakar og bestemma ting på vegne av studentane. For då vert jo resultata som kjent best, og det er vel ikkje sånn at studentar kan mest om det å vera student. Eller?

La oss sjå på til dømes Klagenemda. Der kan saka di om juks på eksamen eller forslag om utestenging av universitetet verta behandla. Er jo ikkje spesielt alvorleg å verta utestengt, så lita vits å ha studentrepresentasjon der!

Eller kva med Universitetsstyret? Det høgaste organet ein finn på UiA, kva skal ein vel med studentar der? Diskutera mobbing og trakassering, strategiplanar, budsjett og valt/tilsett rektor. DET er jo ting som INGEN studentar er opptatt av, best å la vera med andre ord.

Læringsmiljø er ikkje ein studentsak

For ikkje å snakka om Læringsmiljøutvalet. Eg trur ikkje eg kjenne ein einaste student så er oppteken av til dømes pedagogisk læringsmiljø og innovative digitale løysningar. Kvifor gå fram, kvifor vera med å diskutera dette? Det er nok best å la forelesaren din stå med transparenten sin frå 1989, er du ikkje einig?

Og så har du STA-styret då. Beståande av fem studentar så skal kjempa for alle sine medstudentar. Det er iallfall inga vits. Treng eigentleg studentane få uttala seg om byggeprosjekt, korleis UiA bruke pengane sine eller lager for studentaktiviteter og linjeforeiningar? Eller kva med endringar i eksamensforskrifta, kriseberedskap, mental helse, studiestart eller studentbustadar? Best å la ver å meina noko og overlata det til andre, ikkje sant?

Nettverksbygging kan ein ta seinare

Det er og berre tullete å verta kjent med andre studentar og skaffa seg nettverk. Nettverk er det no ingen så treng, jobb får du jo uansett. Å læra seg å sei meininga si høgt og argumentera for saka si kjem du aldri nokon gong til å få bruk for, så inga vist å tenka på det. Betalte verv? DET treng du definitivt ikkje, Lånekassa er jo som kjent svært generøs med utbetalingane sine.

Suma summarum, det er greiast å la ver å stilla til val. La nokon andre ta seg av det. Eller kanskje det besta, la dei vaksne tilsette ta seg av det. Bestemma og vedta korleis DIN studiekvardag skal vera. Det er jo definitivt best sånn.

Eller?

Klikk her for å lese meir og stilla!

Kategorier: Nyheter

nb_NONorsk bokmål