f.v.: Katrine B. Øydna, Andrea O. Fostervold, Kristian Fredrik M. Ødegård, Marie Nørvåg

Studentorganisasjonen i Agder vel kvart år nytt STA-styre under den årlege valforsamlinga i mai. Her kan alle UiA-studentar stille til val for å representere sine studentar. STA-styret består av fem plassar og nytt av året har det blir oppretta ei mangfoldspolitisk stilling.   

“Jeg og mitt styre gleder oss til å ta fatt på oppgavene for å styrke studentstemmen også det  kommende studieåret! Ta gjerne kontakt om du trenger bistand eller har et innspill til Studentorganisasjonen i Agder”  – Kristian Fredrik, påtroppande leiar  

Det nyvalte STA-styret, med nyvalt leiar Kristian Fredrik Meyer Ødegård i spissen, trer på 1. juli 2021. Med seg på laget har han Marie Nørvåg (fagpolitisk ansvarleg), Katrine Bryggeså Øydna (læringsmiljøpolitisk ansvarleg) og Andrea Oshaug Fostervold (mangfoldspolitisk ansvarleg). Desse nyvalte representantane skal jobbe for dine interessar frå hausten av! Dessverre måtte vår nyvalte nestleiar trekke seg frå vervet, noko som betyr at STA frå 1. juli står utan ein nestleiar. Dette betyr på den andre sida at akkurat DU kan stille til dette vervet!  

Kunne du tenkte deg eit 100% verv for å representere UiA sine nesten 14 000 studentar det kommande året? Som nestleiar er du leiar sin stedsfortredar, du har ansvar for STA sin politikk innan bærekraft og miljø, og du får jobbe med STA sin kommunikasjon ut ad. Om du kunne tenke deg eit år som studentpolitikar og kunne jobbe kvar dag for at studentane ved UiA skal få det litt betre, bør du vurderer å stille som nestleiar. Ynskjer du meir informasjon, og link til utlysning: https://stastudent.no/2021/06/28/utlysning-av-suppleringsvalg/ og har du andre spørsmål om stillinga, kan du kontakte oss på sta@uia.no 

Dette er ansikta du skal forhalde deg til frå hausten av, og bruk dei til små eller store utfordring du som student måtte støte på. STA er alltid der for deg! Du finn oss på STA-bygget eller på mail/telefon. Om du er usikker på om vil kan hjelpe deg, kan vi alltids henvende deg vidare til rett instans.  

Kategorier: Nyheter

nb_NONorsk bokmål