
Foto: Rishabh Agarwal / Unsplash
Eksamensperioden er i gong! Er du oppdatert på kva som definerast som juks og ikkje på din eksamen? Etter ei brå omlegging frå skriftleg til digital eksamen på UiA, kan det i mange tilfelle opplevast uklart kva som gjeld som juks og ikkje. Er det juks å diskutere eksamenen med ein ven? Kva med å bruke fagboka?
Det er opp til kvar enkelt student å vere oppdatert på kva for reglar som gjeld for seg. Og, det er din emneansvarleg og eksamenskontoret som har denne informasjonen. Om emneansvarleg ikkje har oppgitt denne informasjonen i Canvas, kan ein også kontakte eksamenskontoret. Det skal vere oppgitt tillatne hjelpemiddel i Canvas og på eksamensoppgåva. Kva som definerast som juks kan variere frå eksamen til eksamen. Dei reglane du får oppgjeven som juks på fyrste eksamenen din, gjeld nødvendigvis ikkje på alle eksamenane dine. Dette må du setje deg inn i for kvar enkelt eksamen. Er du i tvil om det er innafor å snakke med ein medstudent, kontakt emneansvarleg eller eksamenskontoret!
Vi forventar at ein som student ikkje juksar. Resultata frå eksamen, arbeidskrav, praksis og så vidare er våre verdipapir og dei skal utførast reieleg. Det som er viktig for oss er at ingen av oss studentar jukse fordi det var mangel på tydeleg og god informasjon om kva for reglar som gjeld for sin eksamen. Å bli tatt for ubevisst juks får konsekvensar som kan prege resten av studieløpet ditt. Ein kan i verste fall bli utvist frå alle universitet og høgskular Norge i eit år.
Her finn du UiA sin informasjon om:
Kva som reknast som juks og plagiat
Kjeldetilvising og bruk av kjelde på eksamen
UiA si generelle side om eksamen
Jurist på UiA om kva for konsekvensar det er for juks
Er du framleis usikker, følg med på Canvas for informasjon frå emneansvarleg. Ta kontakt med emneansvarleg eller eksamenskontoret for å få oppklart reglane for deg og din eksamen.
Lykke til, vi ynskjer deg ei god eksamenstid og krysse fingrane for deg!