Av: Eline Øverbø Roaldsøy

 

bilde: Rebekka Hauge Økland

God forskingspolitikk er god studentpolitikk

 

Som studentar er det mykje me skal setta oss inn i, og mykje me skal bry oss om. For mange kan det derfor vera utenkjeleg at studentar skal bry seg med kva universitetet tenkjer om forsking. Andre områder verkar kanskje meir relevante, og enklare å gjera noko med. Kanskje verkar forsking for noko som er heilt fjernt for utdanninga me tek. Desse oppfatningane stemmer ikkje.

 

Kva har forsking med oss å gjere?

For det første kan me ikkje tenkja på forsking og utdanning som to separate ting universiteta driv med, sjølv om det til tider kan kjennast slik. Det er forskarar som underviser oss. Det er forskarar som rettleier bachelor- og masteroppgåver. Utdanninga me får skal vera forskingsbasert, og alltid fagleg oppdatert. Mange omtalar masterutdanningane som forskingsutdanning, der me skal driva vårt eige forskingsarbeid fram mot graden. Det finst prosjekt som skal minske distansen mellom forsking og utdanning, og som skal gjere studentane til gode samarbeidspartnarar for forskarane.

For det andre er forsking og formidling av forsking viktige delar av universitetet sitt samfunnsoppdrag. Universitetet skal finne ny informasjon, opplysa befolkninga og utdanna fagfolk for framtida. Ved å finna ny informasjon, og nye måtar å sjå verda på, skal forskingsinstitusjonane vera ein aktiv del av samfunnsdebatten og danna det faglege grunnlaget for offentleg diskusjonen. Denne delen av samfunnsoppdraget burde studentane ha meiningar om, og eit ønske om å inkludera seg sjølv i. Me får opplæring i å tenka og å vera kritiske, og me har tilgang på forsking i verdsklasse. Som framtidas fagfolk bør me som studentar ta del i kunnskapsproduksjon og kunnskapsformidling, og me bør ha noko å seia om korleis det blir gjort både i dag og i framtida.

Me har noko å seia!

Dei siste to åra har studentane hatt ein fast plass i eit utval ved UiA der fagfolk frå alle fakultet og avdeling kjem saman for å avgjera kva retning universitetet skal gå når det gjeld forsking. Universitetet sitt forskingsutval diskuterer kva slags internasjonale forskingssamarbeid det er relevant at UiA blir med i, kva for slags lokale satsingar UiA skal arbeide med, og mykje meir. Det universitetet vårt, og andre universitet, har som sin forskingspolitikk kan ha direkte innverknad på oss som studentar. Dei siste åra har open tilgang til statleg finansiert forsking vore ein veldig viktig diskusjon for forskarar og fagbibliotek over heile verda. No i haust vedtok forskingsutvalet retningslinjer for UiA om korleis forskarane her skal forholda seg til målet om at forskingsresultat skal vera så tilgjengeleg som mogleg.

Sjølv om det har vore eit langt og tungt år no hugsar framleis ein del studentar at ved inngangen til 2020 mista universitetsbiblioteket tilgangen på veldig mange artiklar. Dette forårsaka at studentar mista tilgangen til viktige kjelder til oppgåver og til bruk i læringa si. Dette skjedde fordi eigaren av tidsskrifta ville ha meir betalt for tilgangen enn det dei norske universitetsbiblioteka var villege til å betala. Denne eigaren eig ein stor del av dei mest anerkjente tidsskrifta i verda. Ein del av forskinga som var publisert her, og som studentar og tilsette ved UiA mista tilgangen til, vart finansiert gjennom den norske staten. Det vil seie at UiA, med offentlege pengar, måtte betala for tilgang til forsking som allereie var betalt med offentlege pengar. Ved å arbeida for open publisering og tilgang til forsking motarbeider universitetet at noko slikt kan skje igjen.

Meininga vår er viktig!

Studentane utgjer storparten av menneska knytta til UiA. Der det er 900 vitskapeleg tilsette ved UiA er det 13 500 studentar. Sidan me som studentar utgjer ein så stor del av universitetet er det berre å forventa at me har ein stemme i diskusjonane om kva retning universitetet skal gå i. Med retten til ein stemme kjem forventinga om at me skal bruka denne stemma. Når me har ei meining er det viktig at me gjer ho kjent. Utan at me brukar stemma vår inn i forskingspolitikken kan me ikkje venta at universitetet gjer som me ønsker. Utan at me brukar stemma vår kan me ikkje venta at universitetet utviklar eit betre fagleg tilbod til oss studentar. At me som studentar bryr oss om universitetet sin forskingspolitikk er ikkje anna enn god studentpolitikk.

Kategorier: Nyheter

nb_NONorsk bokmål