Av: Linda-Marie Leirpoll

 

Linda-Marie Leirpoll Foto: STA

Vi høyrer og leser det over alt. Tips og triks for å unngå einsemda i koronatida. Tren meir, gå meir tur, få ein ny hobby, bli klokare, ja, tipsa er mange. Dei tipsa eg skal komme med, er sikkert ikkje unike. Forhåpentlegvis er det tre-fire, kanskje tjue, studentar der ute som endå ikkje har fått med seg desse tipsa – og versegod, her har du nokre! Desse tipsa kallar eg: «for studentar i eksamensperioden som føle på einsemd, eller treng tips i ein elles hektisk eksamenskvardag».

Og dykk, lukke til med eksamen!! Pust med magen, det går bra.

Her har du fem fabelaktige tips frå nestleiar i STA.

1. Snakk med nokon
Sia helse, her: https://sia.no/helse/. Vi kan ikkje få gjentatt det nok. SiA helse har utruleg mange gode tilbod til både di generelle- og psykiske helse, samt gode kurs med forskjellige temaer. Enten du treng nokre tips til betre søvnvanar eller nokon å prate med, finn du mykje spennande hos SiA helse! Sjekk ut heimesida deira.

2. Engasjer deg!
Mitt aller beste tips til det å vere student = engasjer deg!

Og vi har så mange kule ting å engasjere seg i. Enten du vil engasjere deg litt, medium masse eller ta over som leiar i ei foreining. Det er mange mogelegheiter. Kanskje du saknar ein som er akkurat like nerd som deg på nynorsk? Prøv ut mållaget då! Eller kanskje frisk luft og tur? Fjell og fjære kan vere aktuelt! Sjekk ut heimesida vår her for meir informasjon. https://stastudent.no/studentaktiviteter/

(NB! Ein del av foreiningane har begrensa aktivitet i desse dagar, men ein kan fint ta kontakt <3)

3. Maleri over zoom
Å male er overraskande avslappande og triveleg. Det reduserer stress og du kan drøyme deg vekk til kunstnarverda for nokre timar. Dette kan du framleis gjere saman med andre, gjennom zoom! Ha på litt felles, triveleg musikk og finn fram maleriet! koronavennleg er det og.

4. Opplev nærområde med ein frå same kohort som deg sjølv
Til tross for korona, kan ein møte menneske så lenge dei er frå din indre sirkel. Inviter med deg din venn, utforsk turområda våre. Eller kanskje ein kan jakte kunstverka som ein finn i byen?

5. Quiz med klassen med eksamensoppgåvene som tema
Du som tillitsvalt eller ei elles ivrig sjel. Logg på zoom, inviter klassen og køyr ein quiz saman! Enten det er musikkquiz, quiz om kattar, eller rett og slett ein quiz om eksamen. Det tar ein times tid, det er eit triveleg bidrag i kvardagen eller kan vere eksamenshjelp! Vil ein gjere det litt ekstra kult, køyr utkledning.

Vi i STA-styret heiar på studentar og for vel gjennomførte eksamenar!

Kategorier: Nyheter

nb_NONorsk bokmål