Tekst: Linda Leirpoll og André Seljestad Knudsen

Bilde: Rebekka Hauge Økland

 

Kvifor skal eigentleg studentar bry seg om kjeldesortering, berekraftsmåla eller i heile teke fenomenet klimakrise? Det er i fjern framtid tenkjer du kanskje. At klima og miljø ikkje berøre deg direkte, og dermed treng ein ikkje å bry seg heller. Men veit du kva? Vi skal gje deg fire gode grunnar til at nettopp du bør bry deg om klimaet, og at du som student er den personen som kan utgjere ein forskjell.

Reflekter, tenk etter, ta eit standpunkt. DU er ein stor ressurs!

Vi likar ofte å sei at vi ikkje er som alle andre. Men veldig ofte er det akkurat det vi gjer, det same som alle andre. Kvifor ikkje bryte ut av denne norma. Kva kjem dette av? Flokkmentalitet? Ynskjer vi verkeleg å vere som alle andre? Dilte etter alle som ein saueflokk? Klima, miljø og berekraft vil påverke samfunnet i alle sektorar for all framtid. Og sånn er det berre. Om ein vil vere med på det «toget», er opp til kvar enkelt. Men melder ein seg ut, har ein då rett til å meine noko rundt klimaspørsmålet? Ein forventar ikkje nødvendigvis at ein skal «bli heilt grøn». Men ein forventar at ein reflekterer rundt spørsmålet, og at ein er open for endring, endring av vanar, reflekterer over ting, stiller krav til dei aktørane som kan gjere dei store endringane. Personleg trur vi at alt handlar om blå skjorter og SUV, feit lommebok og korleis ein synast ut ad. Som eit Instagram-glansbilde, der framstillinga av det «perfekte» blir definert. Det er ikkje nødvendigvis enten eller. Ein kan fint vere miljøengasjert og vil hjelpe. Fellesskapet utan at ein må bu i skogen, ete mose og synge “kymbaya”.

Når du gjer noko godt for miljøet så er det vel og bra, men det handlar om meir enn berre det. Du blir plutseleg ein del av løysninga. Du påverkar og inspirerer deg sjølv og andre. Aldri undervurder din eiga rolle og din eigen effekt av handlingane du gjer. Alt heng saman. Det du gjer som privatperson blir lagt merke til.

Din kommande generasjon og våre andre medborgarar.

Du har forhåpentlegvis ein familien, og kanskje du skal få din eigen familie i framtida. Menneske du er glade i og bryr deg om. Kva for framtid vil du at desse skal vekse opp i? Vil du at dei skal vekse opp med munnbind, fordi lufta er for forureina? Eller kanskje matmangel, fordi jorda stadig blir mindre dyrkbar? Ikkje ver egoistisk, nokon kjem etter deg. Nokon skal ta over etter din generasjon, og dei vil ha eit lukkeleg liv også.

Du går i Baneheia, du reiser til ei sandstrand i varmare strøk og du opplever ein mektig safari med spennande dyr i Afrika. Alle desse lukkeelementa som er ein del av livet, men som vi også kan øydelegge om vi ikkje tar klimakrisa på alvor. Sjølv om vi menneske er den tilsynelatande smartaste arten, og har lagt beslag på kloden, må vi også hugsa på at vi ikkje er her aleine. Skilpadda i havet, ekorna i skogen og elefanten vil også nyte godt av kloden sine godar. Er du egoistisk, og ikkje tar ansvar, får skilpadda plastikk som mat, ekorna får oversvømt sine heimar og elefanten vil døy ut.

Bilde: Freepik.com

Vi er ikkje aleine i Norden.

Det vi har i Noreg, er økonomi til å kunne bidra. Vi har ressursar til å kunne ta ansvar. Vietnam er mange hundre kilometer frå oss, men dei berøre oss likevel. Ikkje berre økonomisk, men også med plastikksugerøyret dei kastar i elva fordi dei ikkje har system til avfallshandtering. Kloden er ei eining, enten vi vil eller ikkje. Vår vekst og vår rikdom avhenge av at det går bra i alle regionar i verda. Skal ein få alle med på klimakampen, må ein også verne om fellesskapet. Det vi gjer lokalt påverkar globalt. Og kva for rett har vi til å sei til andre land at dei ikkje kan ha vekst og må redusere utsleppa sine, når vi ikkje kan feie for eiga dør? Ta ansvar lokalt og betre verda globalt.

Norge er jo tross alt verdsmeistrar i alt – Det er typisk norsk å vere best i alt. Vel, la oss for ein gong skyld vise det. Det handlar om ein felles dugnad. Ein dugnad som påverkar alt vi kjenner, elskar og lever for. No-tida, framtida og tida lenge etter oss. Det handlar om oss, dykk, våre born, dykkar born og vår eksistens. Det handlar om å skape dei beste føresetnadane for framtida. Vi synast at dei fortener at vi gjer vårt beste. Og ikkje minst, det handlar om jorda vår. Vi har tross alt bare ein.

Vi er framtida!

Vi er framtida, vi sitt med ei enorm makt og vi har eit kollektivt ansvar å bruke den. Kan du faktisk ha samvit til kloden sin undergang? At du var den stusselege tullingen som kunne ha gjort nokon, men som var for lat til å bry seg? Det er ikkje for seint å snu. Du kan melde deg inn i Framtiden i våre hender, kjeldesortere eller involvere deg politisk. Du kan til og med bidra så lite som å kjøpe brukt, bruke mindre plastikk eller kjøpe meir strategisk, slik at du

slepp å kaste mat. Det er viktig at dykk studentar involverer dykk, og er klar og bevisste over kva for krefter vi faktisk har. Kva for krav og ynskjer vi kan komme med. Vi er framtida, og dermed har vi eit kollektivt ansvar om å handle deretter. Inspirere dei eldre, foreldra dykkar og dei unge som kjem etter oss. Du kan også ta kontakt med det Bærekrafts- og miljøpolitisk utvalet til STA (stanestleder@uia.no), eller Framtiden i våre hender Studentlaget (fivhkrs@gmail.com) om du vil engasjere deg meir, få inspirasjon, treffe likesinna eller berre vil lære meir.

Skrive av: Linda Leirpoll og André Seljestad Knudsen

– Bærekrafts- og miljøpolitisk utval i STA, og leder for Framtiden i våre hender Kristiansand Studentlag.

Kategorier: Nyheter

nb_NONorsk bokmål