Val ja.

Det er den tida igjen. Den tida der me i STA fylle kvardagen din med oransje, svart, valsnakk og stemmesanking. Ei av dei kjekkaste tidene på året tykkje eg. Bortsett frå studiestart er det nok dei vekene me treff på flest studentar. Studentar så tenkje på både smått og stort. Så er engasjerte, så ikkje bryr seg, så er nysgjerrige, så vil stilla, stemma og får medstudentane sine til å gjera det sama.

Eg kjenne meg privilegert så får vera med på dei vekene, heldig så får snakka med alle dei så kjem på stand, så fortell meg om alle tinga dei vil endra på.

Enkeltstudentens kvardag, med store og små utfordringar. Med strevsamme, fine, utfordrande, løgne dagar med båe siger og tap. For er det ikkje det alt handle om? Alt me jobbe for, jobbe mot, jobbe med.

Enkeltstudenten. Enkeltmenneskje. Den enkelte.

Det er og enkeltstudenten så stille til val. Så kjem på besøk og stille spørsmål om verv, om kor mykje arbeid det er, kor mykje ansvar det er. Det mange eigentleg lure på er om dei er flinke nok. Kan eg klara det? Er eg verkeleg god nok?

Ja, det er DU. Du er meir enn god nok, flink nok, kan nok.

Så stille dei til val, vinn og vert med. Får opplæring og skal vera med å snakka studentanes sak. Springa på møter, reisa på konferansar, skriva sakspapir, lesa sakspapir, løysa sakar, verta intervjua, skriva endringsforslag, ta bilete, vera studentrepresentanten.

Representera nokon anna enn deg sjølv. Hjelpa nokon med ein sak. Vera med på å sørga for at nokon får ein plass å høyra til, ein plass å gå til.

Og eg er så heldig å få vera med.

Frå dei fyrste spede stega inn i noko nytt, nye verv, nye ansvarsområder, nye utval. Får vera med på læringskurvar så likne litt på dei Rogalandske fjell, vera med på den fyrste e-posten så sendes til leiinga. Vera med den fyrste gongen nokon teikne seg til eit innlegg, litt nervøse og skjelvne, og argumentere for saka si.

Alle sigrane, alle tapa, alle tunge dagane, alle flotte dagane, alle gongene nokon fortell om det fyrste møtet dei var på, eller det siste. Å sjå nokon lukkast med noko dei har grua seg til, eller halda ein tale for fyrste gong. Få ein e-post med stadfesting av at søknaden er innvilga, eller at studenten ein hjelp har vunne saka si.

Det er ei utruleg reise å få lov å vera med på. Kjenna på gleda og stoltheita når vervet eller året er øve. Gleda av å sjå utviklinga, kor sikrare mange er, kor mykje meir ein kan og veit. Med litt meir heva hovud, litt tryggare og med mykje større nettverk enn ein hadde då ein byrja.

Og om ein er skikkeleg heldig, får ein gode vener. Vener for livet, vener så er meir enn sakspapir og talar. Vener.

Eg var så heldig, og har aldri angra på at eg tok eit steg inn i studentpolitkken den haustdagen i oktober 2006.  Sendte inn kandidatskjema og kryssa fingrane for at eg skulle verta valt.

Så still til val, bruk den retta nokon før deg har kjempa for.

Eg gler meg til å få vera med på DI reise.

 

 Irene Bredal

Organisasjonskonsulent

Studentorganisasjonen i Agder

 

Kategorier: Nyheter

nb_NONorsk bokmål