Hopp til hovudinnhald
Retningslinjer

Trygg organisasjon

Det skal vere gøy, lærerikt og motiverande å engasjere seg i STA.

Nulltoleranse for trakassering

Vedteke av Studentparlamentet

Det er svært verdifullt at du bidreg til fellesskapet som skaper politikkutvikling, gjennomslag og gode opplevingar for mange andre engasjerte studentar. Saman skal vi sikre eit godt miljø med takhøgd for å diskutere og seie meininga vår. Dette gjeld òg dei sosiale og uformelle delane av alle STA-arrangement.

Som engasjerte i STA har vi ingen toleranse for trakassering eller diskriminering. Vi tek vare på kvarandre og viser gjensidig respekt. Det er eit felles ansvar å sørgje for at møtearenaene vi deltek på, er trygge, og at alle er velkomne. Det betyr òg at du tek ansvar dersom andre ikkje gjer det, til dømes om nokon blir behandla dårleg eller har uønskte opplevingar.

Studentparlamentet (SP) har vedteke eit vedlegg 3 i reglementet for studentaktivitetar som handlar om prinsipp for organisasjonskultur og åtferd i samband med studentaktivitetane og linjeforeiningane til STA. I tillegg har Studentparlamentet vedteke prinsipp for åtferd og organisasjonskultur for studentrepresentantar i Studentorganisasjonen i Agder. Desse gjeld alle studentrepresentantar som er valde og oppnemnde av STA. Samla seier prinsippa noko om kva som er venta av medlemer i studentaktivitetar og linjeforeiningar og av alle studentrepresentantar, og om varslingsrutinar.

Prinsipp for trygg organisasjon

1

Alle skal kjenne seg velkomne og respekterte i STA. Det betyr at ein skal halde seg frå utsegner og/eller fysisk åtferd som blir opplevd som ubehageleg, diskriminerande, trakasserande eller krenkjande for andre.

2

Alle har eit ansvar for å bidra til eit inkluderande miljø, både ved formelle og uformelle arrangement.

3

Alle skal vise respekt for grensene til kvarandre.

4

Press rundt bruk av alkohol og andre rusmiddel skal ikkje finne stad. Ved alle arrangement i regi av ein studentaktivitet eller ei linjeforeining skal ein ha 1–2 tillitspersonar.

5

Alle har eit ansvar for å hindre mobbing. STA har nulltoleranse for mobbing.

6

Alle skal vise respekt for ytringane til kvarandre og møte kvarandre på ein konstruktiv måte.

Varslingsrutinar

Eit antatt brot på prinsippa kan meldast inn til alle medlemene i STA-styret og til organisasjonskonsulenten i STA. Det er leiaren av STA-styret som følgjer dette opp og involverer kontrollkomiteen i STA ved behov. I dei tilfella der det er mistanke om lovbrot, skal universitetet konsulterast og politiet kontaktast.

Alle brot på prinsippa kan og bør meldast inn, og konsekvensane vil variere ut frå kor alvorleg brotet er. Ei slik vurdering vil vere individuell frå sak til sak. Innmelding av brot på prinsipp skal ikkje føre til negative konsekvensar for den som melder inn.

Dersom varslinga om antatt brot på prinsippa gjeld eitt eller fleire medlemer av STA-styret, skal ho sendast til organisasjonskonsulenten i STA på sta@uia.no. Organisasjonskonsulenten i STA sit i ei eiga varslingsgruppe saman med Advokatfirma Tofte AS, som saman vil behandle varslinga.

Har du opplevd noko ubehageleg?

Dersom du har opplevd eller vore vitne til kritikkverdige forhold knytte til STA eller studentforeiningar, kan du trygt ta kontakt med oss eller bruke det offisielle Si ifrå-systemet til UiA.

nb_NONorsk bokmål