Hopp til hovudinnhald
Engasjement og fritid

Studentaktivitetar ved UiA

Her finn du ei oversikt over godkjende studentaktivitetar og interesseorganisasjonar ved UiA.

Viser 40 av 40 aktivitetar
Femmes Spillopus ad Libitum
Musikk, dans og drama

Femmes Spillopus ad Libitum

Femmes Spillopus ad Libitum (til dagleg kalla Spillopus) er eitt av to studinekor ved UiA Kristiansand, skipa i 1988. Songglede, latter og venskap er hovudfokuset vårt!

Peripeti Studentforening
Musikk, dans og drama

Peripeti Studentforening

Peripeti studentforening er ein studentaktivitet som fremjar teater av, med og for studentar ved UiA. Vi er ein sosial arena for alle som vil drive med teater og visuelle fag. Heilt gratis å bli medlem.

Blandakoret Bondebrølet
Musikk, dans og drama

Blandakoret Bondebrølet

Blandakoret Bondebrølet er eit kor sett saman av songglade studentar ved UiA. Vi byr på god stemning, songglede, fest og fellesskap på tvers av alder, kjønn og studium. Skipa i november 1993.

Spadser & Blæse-Ensembelet
Musikk, dans og drama

Spadser & Blæse-Ensembelet

Christianssands stoltheit sidan 1974! Unikt studentorkester med både ein spelande divisjon og ein populær ikkje-spelande divisjon som lagar show, ablegøyer og god stemning på campus.

Studinekoret Lady Klukk
Musikk, dans og drama

Studinekoret Lady Klukk

Studinekoret Lady Klukk er eitt av dei eldste studinekora i Noreg og «UiAs fremste kvinde», skipa i 1976. Ca. 25 songarar som syng firstemt a cappella og reiser på korhelgar over heile landet.

Mandschoiret Quantum Oellarus Op & Frem
Musikk, dans og drama

Mandschoiret Quantum Oellarus Op & Frem

Mandschoiret Quantum Oellarus Op & Frem er eitt av dei eldste student-mannskora i Noreg, skipa i 1968. I over 50 år har dei spreidd mannskorsong og glede i Kristiansand og resten av landet.

Ungswingsør
Musikk, dans og drama

Ungswingsør

Ungswingsør er ei studentforeining ved Universitetet i Agder med fokus på å fremje swingdans og sosialt samvær blant unge og studentar. Vi arrangerer dansekveldar kvar veke og kurs for alle nivå.

Kristiansand Studentklatring
Sport og friluft

Kristiansand Studentklatring

Kristiansand Studentklatring er eit lågterskeltilbod for alle studentar i Kristiansand som har lyst til å klatre, anten du er heilt fersk eller har klatra i fleire år.

Conventus Croquet
Sport og friluft

Conventus Croquet

Eit selskap for framgangsrike, engasjerte, unge menn og kvinner i Agder. Conventus Croquet foreiner sportsleg krokket med høgtidelege tradisjonar, sosiale samankomstar og godt humør.

Friluftsgruppa Faunus – Grimstad
Sport og friluft

Friluftsgruppa Faunus – Grimstad

Friluftsgruppa Faunus er ei studentforeining for deg som er glad i friluftsliv og turar i naturen. Vi arrangerer hengekøyeturar, toppturar, bålkveldar, kanoturar og hytteturar i Grimstad og omegn.

UiA Lacrosse
Sport og friluft

UiA Lacrosse

UiA Lacrosse er ein studentorganisasjon som vart skipa i 2010. Laget består av UiA Bare Knuckles (herrelag) og UiA Harpies (damelag). Begge laga trenar kvar veke og deltek i NM og studentmeisterskap.

Kristiansand Studentidrettslag (KSI)
Sport og friluft

Kristiansand Studentidrettslag (KSI)

Kristiansand Studentidrettslag (KSI) er eit idrettslag drive av og for studentar i Kristiansand. KSI tilbyr eit breitt utval av idrettar: fotball, volleyball, handball, klatring, basketball og mykje meir.

Grimstad Studentidrettslag (GSI)
Sport og friluft

Grimstad Studentidrettslag (GSI)

Grimstad Studentidrettslag (GSI) er eit idrettslag drive av studentar for studentar ved UiA Campus Grimstad. Tilbyr mange ulike idrettsgreiner for alle nivå.

UiA konkurranse-instinkt
Sport og friluft

UiA konkurranse-instinkt

Vi i konkurranse-instinkt er eit studentlag som elskar å konkurrere i alt frå spel, quiz og stafettar til morosame utfordringar. Ein super arena for å kjenne på vinnarinstinktet saman med gode vener!

UiA Dart
Sport og friluft

UiA Dart

UiA Dart er studentforeininga for alle som vil prøve ein presisjonssport med låg terskel og høg trivsel! Vi tilbyr treningar kvar veke og sosiale turneringar for både nybyrjarar og erfarne spelarar.

AUF-studentene UiA
Politisk tilknyting

AUF-studentene UiA

AUF-studentane UiA er eit studentlag som arbeider med politiske saker som gjeld studentar ved Universitetet i Agder. Vi kjempar for ein meir rettferdig og solidarisk studentkvardag.

Høyres Studenterforening i Agder
Politisk tilknyting

Høyres Studenterforening i Agder

Høyres Studenterforening i Agder (HSFA) er ein konservativ organisasjon som arbeider for rettane til studentane, god utdanningskvalitet og meir fridom for den einskilde.

Sosialistiske Studenter i Agder
Politisk tilknyting

Sosialistiske Studenter i Agder

Sosialistiske Studenter i Agder er ein sosialistisk studentorganisasjon knytt til Sosialistisk Venstreparti og SU. Vi kjempar for gratis utdanning, studentbustader og klimarettferd.

YATA Kristiansand
Politisk tilknyting

YATA Kristiansand

YATA Kristiansand er ei partipolitisk uavhengig foreining for studentar og unge yrkesaktive med interesse for utanriks-, forsvars- og tryggleikspolitikk. Vi arrangerer debattar, foredrag og studieturar.

Studentlaget Grimstad
Religiøs tilknyting

Studentlaget Grimstad

Studentlaget Grimstad er eit kristent fellesskap for studentar på campus Grimstad, knytt til Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag (Laget). Møte, bibelgrupper og sosial hygge.

Kristiansand Kristelige Studentlag (KKS)
Religiøs tilknyting

Kristiansand Kristelige Studentlag (KKS)

Kristiansand kristelige Studentlag (KKS) er den lokale studentgreina av Laget (NKSS) i Kristiansand. Vi samlar studentar til samlingar kvar veke, lovsong, undervising og fellesskap.

StudentKRIK – Kristiansand
Religiøs tilknyting

StudentKRIK – Kristiansand

StudentKRIK Kristiansand er den største kristne studentorganisasjonen i Kristiansand. Vi kombinerer idrettsglede med trusglede og livsglede. Hovudtreninga er i Odderøyhallen på fredagar.

StudentKRIK – Grimstad
Religiøs tilknyting

StudentKRIK – Grimstad

StudentKRIK Grimstad har faste treningar tysdagar og laurdagar med varierte idrettar og aktivitetar. Eit ope og inkluderande kristent idrettsmiljø for alle studentar i Grimstad.

Amnesty-studentane Kristiansand
Internasjonalt

Amnesty-studentane Kristiansand

Studentgruppa til Amnesty ved Universitetet i Agder er studentar som engasjerer seg for menneskerettar lokalt og globalt gjennom informasjonsarbeid, underskriftskampanjar og debattar.

Erasmus Student Network (ESN Agder)
Internasjonalt

Erasmus Student Network (ESN Agder)

Erasmus Student Network (ESN Agder) arbeider for å integrere internasjonale studentar ved UiA og skape eit fleirkulturelt miljø med sosiale arrangement, turar og aktivitetar.

ELSA Kristiansand
Internasjonalt

ELSA Kristiansand

ELSA Kristiansand (The European Law Students' Association) er ei uavhengig foreining for jusstudentar ved UiA, som tilbyr faglege arrangement, prosedyrekonkurransar og internasjonale utvekslingsmoglegheiter.

Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond – Kristiansand
Internasjonalt

Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond – Kristiansand

SAIH er ein solidaritetsorganisasjon for studentar og akademikarar. Vi jobbar for akademisk fridom og retten til utdanning globalt, og set søkjelys på bistand, ulikskap og utviklingspolitikk.

Studentavisa Unikum
Media og kommunikasjon

Studentavisa Unikum

Unikum er den uavhengige studentavisa ved UiA og dekkjer studentlivet, campusnyheiter, kultur, debatt og akademia i Kristiansand og Grimstad. Kjem ut både på papir og nett.

Studentmållaget i Agder
Media og kommunikasjon

Studentmållaget i Agder

Studentmållaget i Agder arbeider for at alle studentar fritt skal kunne bruke nynorsk og dialekta si i akademia og i studentkvardagen. Sosiale samlingar og språkpolitiske debattar.

Børsgruppen UiA
Anna

Børsgruppen UiA

Børsgruppen UiA er ein studentorganisasjon for børs- og finansinteresserte ved Universitetet i Agder. Vi forvaltar ein fiktiv aksjeportefølje, held aksjekveldar og inviterer næringslivet.

Ingeniører Uten Grenser UiA og Sørlandet
Anna

Ingeniører Uten Grenser UiA og Sørlandet

IUG Norge fremjar ingeniørkompetanse og humanitær teknologi i bistandsprosjekt og berekraftig utvikling internasjonalt. UiA-studentar deltek i workshopar og faglege oppdrag.

Motor UiA
Anna

Motor UiA

Motor UiA er studentforeininga for motor- og bilinteresserte studentar ved Universitetet i Agder. Vi møtest til mekkekveldar, banedagar, biltreff og teknisk erfaringsutveksling.

Studentjuristen
Anna

Studentjuristen

Studentjuristen er eit gratis rettshjelpstiltak drive av jusstudentar ved Universitetet i Agder. Vi gir gratis juridisk rådgiving innan mellom anna husleigerett, pengekrav og arbeidsrett.

Lærerstudentene ved UiA – Kristiansand
Anna

Lærerstudentene ved UiA – Kristiansand

Lærarstudentane ved UiA (Pedagogstudentene) jobbar for dei faglege og sosiale interessene til lærar-, lektor- og barnehagelærarstudentar og arrangerer kurs og faglege foredrag.

Start Agder
Anna

Start Agder

Start UiA / Start Agder er ein studentorganisasjon som fremjar innovasjon, entreprenørskap og nyskaping blant studentar gjennom foredrag, case-konkurransar og gründerarrangement.

Øl, Viser og Dram
Anna

Øl, Viser og Dram

Øl, Viser & Dram er ei sosial og tradisjonsrik studentforeining i Grimstad som samlast til song, godt humør, forteljingar og tradisjonsrike studentvisekveldar.

Econa – av og for økonomer
Anna

Econa – av og for økonomer

Studentgruppa til Econa ved UiA tilbyr eit breitt spekter av faglege arrangement, bedriftspresentasjonar, CV-kurs og sosiale treff for økonomistudentar.

Skeive Studenter Agder
Anna

Skeive Studenter Agder

Skeive Studenter Agder er ein inkluderande sosial arena for alle skeive (LHBTIQ+) studentar og støttespelarar ved UiA. Vi arrangerer brettspelkveldar, kafétreff og sosiale turar.

UiA Case Club
Anna

UiA Case Club

UiA Case Club starta opp i mai 2024 og er ein studentaktivitet for studentar som vil løyse reelle næringslivscasar, utvikle analytiske ferdigheiter og delta i nasjonale case-konkurransar.

UiA Tabletop – Kristiansand
Anna

UiA Tabletop – Kristiansand

UiA Tabletop er ei brettspelforeining som held til på UiA i Kristiansand. Vi samlast kvar veke for å spele brettspel, rollespel (D&D), Warhammer og kortspel i eit uformelt og hyggeleg miljø.

nb_NONorsk bokmål