Hopp til hovudinnhald
Om oss

Kven er STA?

Visste du at alle studentar ved Universitetet i Agder er medlem av Studentorganisasjonen i Agder (STA)?

Medlemskapet gjeld òg for dei fleste studentaktivitetane og linjeforeiningane. Slik bind STA alle studentane saman, med mål om å skape ein best mogleg studentkvardag.

STA arbeider for dei faglege, sosiale og økonomiske interessene til studentane. Det betyr til dømes at undervisinga skal halde høg kvalitet. Det betyr òg at ingen studentar ved UiA skal kjenne på utanforskap eller mobbing, og at STA jobbar for at det skal vere mogleg å leve som heiltidsstudent på midlane frå Lånekassen. I tillegg tek STA vare på studentdemokratiet ved UiA. STA-styret er valt av Studentparlamentet, og har ansvaret for å gjennomføre politikken som parlamentet har vedteke.

Er du misnøgd med opningstidene i kantina, eller med at ein obligatorisk studietur kostar pengar? Ta kontakt med oss, så skal vi kjempe for saka til studentane!

Studentdemokratiet

Utval

Berekraft- og miljøpolitisk utval

Internasjonalt utval

Fag- og forskingspolitisk utval

Læringsmiljøpolitisk utval

Kommunikasjonsutvalet

Her finn du oss

Campus Kristiansand

Campus Grimstad

nb_NONorsk bokmål