Valkomiteen 2025/2026
Valkomiteen har ansvaret for rekruttering, intervju og innstilling av kandidatar til alle verv som blir valde av Studentparlamentet ved UiA.
Medlemer av Valkomiteen
Lisa K. Fredsvik
Medlem av Valkomiteen
Rania Farah
Medlem av Valkomiteen
Andrea M. Åmodt
Medlem av Valkomiteen
Kva gjer Valkomiteen?
Oppgåva til valkomiteen er å innstille kandidatar til verv som blir valde av Studentparlamentet. For å kunne gi den beste tilrådinga intervjuar medlemene i komiteen alle kandidatar som har stilt til val innan ein gitt frist som leiaren av komiteen og STA-styret set. Leiaren av komiteen har ansvaret for å koordinere intervjuprosessen, slik at alle kandidatar veit kvar og når dei skal møte til intervju, og for at innstillinga er klar til offentleggjering til rett tid.
Å vere medlem av Valkomiteen er spennande arbeid. Ein får erfaring med å rekruttere flinke folk og med å intervjue dei. Å bli trygg i rolla som intervjuar er nyttig erfaring som gjer at ein forstår ein rekrutteringsprosess betre når ein sjølv søkjer stillingar i arbeidslivet. Leiar og 3 medlemer blir valde i mai, med funksjonstid frå 01.07 til 30.06.