Valgavis

Ingrid Hamlandsø Hellan

Ingrid Hamlandsø Hellan

Stiller til både Studentparlamentet og fakultetstyret

Hei!

Eg heiter Ingrid Hellan og er 20 år. Eg kjem frå ein liten kommune nord i Trøndelag, og tek eit årsstudium i drama. Eg stiller til val fordi eg har lyst til å gje mine medstudentar ein stemme og gjere ein forskjell. Eg er oppteken av at alle skal ha eit positivt miljø, både sosialt og med tanke på læring. Dette er noko eg gjerne vil jobbe med om eg vert valt.